torsdag 30. juli 2009

Dublin

Paradis, Dawson Street.
Når eg kjem til Dublin, må eg innom her. Gå langs hyllene. Plukke ned bøkene. Opne Dublin på ny.
...
VI
Eg kjøper og låner bøker, kjøper og låner. Heile tida les eg, har alltid fem-seks bøker som eg les i. Livet mitt er bøker, huset er fullt av bøker, hovudet er fullt av bøker. Likevel får eg denne paniske kjensla i ein bokhandel. Så lite eg har lese, kor mange gode bøker eg har gått glipp av.

VII
Eg kan ikkje velje ut dei hundre beste bøkene, eg har bare skrive fem, sa Dublins vittigaste mann, Oscar Wilde. Og eg kan ikkje velje ut dei beste Dublin-bøkene. På systematisk usystematisk vis vel eg ut bøker hos Hodges Figgis. Finn den nye til John McGahern. Ei ny samling frå Bridget O'Connor. O'lykke! Vonar at det har kome ei ny frå Colm O'Gaora eller Colm Tóibín. O'nedtur!
Frode Grytten

Ingen kommentarer: