lørdag 6. desember 2008

Ord over grind

Eg går fram til mi inste grind,
og du går og fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem,
fell det meg lett å snu.
Når eg har stått der og sett mot huset,
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil kome iblant,
som no over knastrande grus.
Og smile glad når du ser meg stå her
skal eg ha ein heim i mitt hus.

Kva når det ikkje er nok å vite at ”du vil kome i blant”? Kva når ein har behov for noko meir? Korleis kan ein få overbrakt den bodskapen til andre utan å verte for framfus, utan å skremme dei vekk? Me treng alle å ha nokon der, nokon som kan vere eins fortrulege, den nokon som veit kor langt lina strekk seg. Kor grinda er. Men det er ikkje alltid nok å ha dei som kjem fram til grinda. Eg trur me alle treng å ha ein eller annan som kjem under huda, innafor grinda, som ikkje er redd for den ekstra skyldnaden det inneber. Nokon er umiddelbart innafor, utan eigentleg å gjere noko for det, mens andre held seg i tømme, nærmast, og stengjer seg inne hos seg sjølve. Om det er fordi dei helst ikkje vil binde seg til noko eller fordi dei er redd for den ekstra forbindinga skal ikkje eg setje meg til dommar over. Eg veit jo så altfor godt kor mykje enklare det kan synast å stengje seg inne, enn å opne seg opp for nokon. Kor mykje enklare det er å sjølv bere smerte og vonde ord enn å presse dei på andre, som kanskje har nok å bere på som det er. Men eg trur likevel Halldis Moren Vesaas har litt rett i ”Ord over grind”. Det som avbildes er verkeleg eit forhold verd å ta vare på, det der ein fullt og heilt kan vere seg sjølve, og sjølv velje kva tid og i kva grad ein vil opne seg for andre…

2 kommentarer:

Ingvild Søndenå sa...

nynorsk!:)

Gunvor sa...

Jah, viss du kan kalla d d =p Merkes at d begynne å bli lenge si vgs.. ;o)